søndag 20. februar 2011

KVITESEID BYGDETUN!

  Hei!

Vi har hatt en super helg!

Vi dro opp til Vrådal på torsdag kveld, og har bare slappet av hele helga!

På fredag kjørte vi en lang tur, så på gamle hus og gårder, og fin norsk natur!

Og det er det mye av her oppe!!

Et av stedene vi stoppet og tok litt bilder, var Kviteseid Bygdetun!

Nydelige gamle, laftede bygninger i vinterdrakt!

Jeg har vært inne på nettsiden deres og hentet litt informasjon om noen av byggene,

og noen sommerbilder, for å få litt kontraster til de bildene jeg har tatt:

Flekstveitstoga

Flekstveitstoga kjem frå garden Flekstveit, ein storgard som låg mellom Lårdal og Kviteseid. Stoga er frå 1600-talet og var frå fyrst berre i ei høgd. Men i 1738 vart andre høgda påbygd. Dette er ei imponerande stoge med 50-60 cm. breie stokkar.
Heile stoga i fyrste høgda er rosemåla av Talleiv Halvorson Espetveit, eller "Talleiv Målar" som han vart kalla. Han er den fyrste rosemålaren i Telemark som me kjenner namnet på. Denne stoga måla han i 1751.
På eitt av soveromma i stoga er det spor etter ein likglugg. Det var vanleg å bere lika gjennom slike gluggar, slik at ikkje daudingane skulle finne inn att i rommet. Etter at liket var tatt ut, vart gluggen tetta igjen.


 
Husmannsstoga

Husmannsstoga kjem frå Årdalen i Dalane. For arbeidet på garden fekk husmennene ein liten jordlapp der dei kunne dyrke litt jord og setje opp stoge og uthus. Fleire husmenn spesialiserte seg som handverkarar i tillegg til arbeidet på garden og plassen. Husmennene på 17- og 1800-talet levde ofte under tronge kår og hadde mange munnar å mette.

 
I husmannsstoga på bygdetunet budde tidlegare Gro Årdalen som var postomberar i distriktet.

Eldhuset

Eldhuset kjem frå Nordgarden i Kviteseid. I 1994 vart huset restaurert og flytt til bygdetunet. Eldhusa var eit slags grovkjøken som vart nytta til bakst, vasking og slakting. Fleire eldhus hadde bakaromn inntil gruva, slik at ein kunne bake brød, flatbrød og kling (lefse). Eldhusa vart også nytta som bustad om sommaren.

Tveitloftet

Tveitloftet kjem frå garden Tveit. Fyrste høgda er frå 1350, men i 1686 vart buret påbygd ei ny høgd. Kanskje har det vorte satt eit bur oppå det opphavlege buret. Nett som Flekstveitloftet, har også Tveitloftet utskurd av Øystein Midtbru.

I mellomalderen var loftet eianaste huset på garden i to høgder, og før ivistogene kom på 1700-talet var andre høgda eit stasleg rom som vart bruka som gjesterom og til gjestebod. Her stod kister med finklede og verdisaker på garden. Loftet hadde kanskje ei særskild meining for jentene: Her budde gjerne dei ugifte jentene om sommaren, difor uttrykket jomfruburet og her vart brura kledd opp.

Det knyter seg mange historier til loftet; mellom anna har det vore gøymestad for den fredlause Hille, og det heiter seg også at Olav Grå fann ei sylvåre under loftet medan det stod på Tveit.

Flekstveitloftet

Flekstveitloftet kjem frå garden Flekstveit i Lårdal og er frå ca. 1780. Loftet har rik utskurd, skore av Øystein Midtbru i 1790. Tidlegare vart lofta rekna som statussymbol, og på Flekstveit hadde dei heile fem loft! Lofta vart bruka til oppbevaring av mat og klede. Loftet var også staden der brura vart pynta.

Vesleburet

Buret er frå ca. 1530 og kjem frå garden Øvre Midtsund. Buret vart flytta frå Brokefjell Hotell (Kviteseid) til bygdetunet i 1993. Opphavleg hadde buret torv- eller flistak.

I buret lagra dei brau, korn og mjøl, og frå taket hang det tørka kjøt. På veggane hang det ofte seletøy og anna reiskap.
Og her har du alle tre i vinterdrakt, slik vi så dem på fredag:
Et koselig stabbur håper jeg vi kan få tak i til vår tomt og etterhvert!
:-)
Ønsker deg en fin søndag!
Klem-Mia

7 kommentarer:

  1. Heisann!!

    Koslige bilder og god info.Jeg er fra Seljord som er like ved Kvitseid så jeg har kjørt forbi her mange ganger,men aldri stoppet.kanskje vi må ta en stopp neste gang:)

    ha en fin søndag!!

    Klem Linda:=)

    SvarSlett
  2. Her må det ha vært utrolig koselig å være. Nydelige tømmerhus.

    SvarSlett
  3. Hei hei
    Takk for at du deler, kjekt å lese.
    Flotte bilder, histori og vakker natur.
    Klem

    SvarSlett
  4. Spennende og interessant innlegg! Min mormor var fra Kviteseid, og jeg har vært mye i Vrådal, så kjente meg igjen i mye her!

    Ha en fin søndag!

    Klem:)

    SvarSlett
  5. Heisann!
    Så flott blogg du har ....her ble jeg helt satt...har lyst på et gammelt hus....kan overta ett til sommerhus men det ligger litt dumt til.....
    Mye inspirasjon her...her kommer jeg innom fler ganger
    Fin søndag
    Klem

    SvarSlett
  6. Så flotte gamle hus! Her skal vi jammen ta en stopp neste gang vi kjører forbi.

    Mona

    SvarSlett
  7. For et flott sted å være! Interessant lesing, jeg elsker sånne gamle bygg og deres historie og bakgrunn.
    Ha en fin søndag :)
    Klem fra Bekka

    SvarSlett

Thank U for leaving me a comment! :-)
More interior updates at Instagram; Follow @maria_miasinterior and @newroominterior